Nygaardfestivalen 2024: – til Sven Nyhus si ære!

Tidspunkt
Fredag 23.08.2024 19.00 - søndag 25.08.2024 14.00
Sted
Rudi gard

Oddvar Nygaard var den fremste trekkspelaren i Gudbrandsdalen i si samtid. Oddvar inspirerte og var kjend med mange, og festivalen skal også heidre andre markante tradisjonsbærarar. Sven Nyhus var nær kjenning av Oddvar. Det var ikkje så mange som levde av tradisjonsmusikk og gammaldans i etterkrigstida, og dei to var pionerar og musikarkolleger. Årets festival minnes Sven særskilt, både gjennom ord og tonar.

Program:

Fredag 23. august

Kl 19.00 «Kvarts med gjester – 25 år etter Nygaard-eksamenen»

«Du skal skrive om Oddvar Nygaard!» Dette var professor Sven Nyhus si klare befaling når trekkspelar Jo-Asgeir Lie skulle velje tema for hovudfagsoppgåva ved Norges Musikkhøgskule. Til eksamen trong han ein kvartett og dette vart starten på Kvarts. Nokre musikalske gjestar blir med, og det blir gjenhøyr med kjent repertoar og noko nytt.

Kl 20.30 Uhøgtidleg samspel og dans i Rudilåven

Laurdag 24. august - Festivaldag med konsertar, historier og dans.

Kl 12.00 Formiddagsdans i Rudilåven.

Kl 14.00 «Sven Nyhus - pioner og spelemann av breitt format»

John Ole Morken er spelmann, og kjent som programleiar i folkemusikktimen i NRK. Han er ein kjennar av Rørosmusikken, og i lag med gode gjester blir det både fengande slåttar og gløtt inn i spelmannslivet til Sven - eit av dei aller rikaste som er levd.

Kl 16.00 Ungdommen spelar Nyhus og Nygaard

Det kryr av unge som spelar, og mange har komposisjonar av både Sven Nyhus og Oddvar Nygaard på repertoaret. Til denne eftaskonserten er unge under 25 år særleg invitert, og ei hyggeleg påskjønning ventar den framføringa som gjer sterkast inntrykk.

Kl 19.00 «Slik minnes vi Sven»

- festkonsert med Nyhus kvartett, og spelmenn frå fjern og nær

Sven Nyhus kvartett er legendarisk! Dottera Åshild Breie Nyhus held musikkarven ved like, og det blir storvegs når ho overtek felestemma. «Utan Tore Løvgreen ingen kvartett» - det er Sven sine ord, og Tore er med! Frå Ål kjem Arne Sandum med bass og Tor Bekkelund spelar gitar. Etter ei pause kjem gjestande grupper og lag på scena med låtar i Sven Nyhus si ånd. Velkome til gjenhør med låtar som sit spikra i den norske gamaldanstradisjonen.

Kl 21.00 «Med hoi og leven!» Dans til påmeldte grupper og lag

Søndag 25. august

Kl 12.00 Spelemannsmesse – «Bergroser og pols i Sør-Fron kyrkje»

Ei spelmannsmesse som løfter kyrkjetaket i Gudbrandsdalsdomen. Gratis inngang.

Billettar:

Gjennomgang kr 600,-

Laurdag dag & kveld kr 400,-

Kveldsbillett kr 290,-

Laurdag dagtid kr 250,-

Gratis under 18 år.

Informasjon om hendelsen

Arrangør

Rudi gard

Kontakt

Øystein Rudi
Postnummer og sted
2647 Sør-Fron