TETT PÅ: Britt Elise Skram og Kristina Farstad Bjørdal

Dato
4. september 2024
Tid
0:00 - 23:00
Sted
Rudi gard

La Plagiata av Hilmar Alexandersen. Kjende meisterkomposisjonar av Per Bolstad. Noko av det finaste i tradisjonsmusikken kan du oppleve denne kvelden med Britt Elise Skram på fele og Kristina Farstad Bjørdal på trekkspel. Dei er skitgode. Verdas varmaste feletone og knallfint samspel. Om du stussar så søk opp og høyr!

Frå Møre og Romsdal kjem dei, til Rudi Gard i Gudbrandsdalen. Musikalsk forbrødring mellom ulike distrikt er ein fin ting. Heilt frå Fel Jakup for på Romsdalsmarknaden for snart 200 år sida, og før den tid. Det er faktisk skikkeleg interessant. Og du er skikkeleg velkomen til intimkonsert i ved peisen, slik du alltid er til konsertar og opplevingar på Rudi.

Billett kr 290,- / 100 u. 18 år

Informasjon om hendelsen

Pris voksen
290
Pris barn
100

Arrangør

Rudi gard

Kontakt

Øystein Rudi
Postnummer og sted
2647 Sør-Fron