Åpen kafé på Sørheim

1. november var det "Åpen kafé" på Sørheim.

Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon.

Dette var svært vellykka og dei frivillige, altså Aktivitetsvennene, fortel at praten gjekk svært lett og at alle hygga seg. Gjestane fikk bryne seg på både ordtak og spørsmål. Bilder frå Lionskalendere vart granska nøye og trigga minner.

Frå kjøkkenet på Sørheim kom det nydeleg kringle og eit stort fruktfat.

Takk til Aktivitetsvennene som står på for at personar med demens og deira pårørande får ein møteplass.

Kaféen bli arrangert ein gong kvar månad, den er gratis og det er inga påmelding.

For meir informasjon, kontakt frivilligkoordinator Bergljot Mæhlum, på tlf. 948 86 138.

Neste kafé er måndag 29.november, kl. 11.00, på Sørheim.

Arr: Aktivitetsvennene i Sør-Fron og Sør-Fron frivilligsentral.