Barn og unge i fokus – gjennom god tverrfagleg samhandling i Sør-Fron

I januar 2023 fekk Sør-Fron kommune støtte frå Bufdir og starta opp med eit prosjekt der hensikten er å lage ein heilhetlig modell for samarbeid mellom ulike tjenester for barn, unge og familiar. Prosjektet heite «Barn og unge i fokus – gjennom god tverrfagleg samhandling i Sør-Fron». 

«Barn og unge i fokus» kan bidra til at tjenestene for barn og unge blir enda betre og styrke samarbeidet på tvers av tjenestene. Namnet «Barn og unge i fokus» er utarbeida av Sør-Fron ungdomsråd; dei har også kome med råd til vaksne om korleis barn og unge ønskjer å bli møtt og korleis dei vil medverke.

Barn og unge sin medverknad. Innspel frå ungdomsrådet.

Gjennom prosjektet skal Sør-Fron kommune lage ein god modell for å oppdage og hjelpe barn, unge og familiar som har det vanskeleg på ulike måtar, før utfordringane blir så store at dei blir vankelege å handtere. Modellen skal ha fokus på tverrfagleg samhandling. Det er barnet og familien sjølv som veit best kva som kjennes vanskeleg. Barns medverknad og familiens  medverknad er derfor heilt sentralt. Prosjektet har eigen prosjektleiar og prosjektgruppe med representantar frå dei ulike tjenestene.  

Dei ulike tjenestene

Det er mange kommunale og interkommunale tjenester involvert i prosjektet. For dei som ikkje kjenner godt til tjenestene frå før, kan det være vanskeleg å vite kva dei jobbar med og kva dei bidreg med i eit tverrfagleg samarbeid. Det er derfor laga ein film der kvar tjeneste presenterer seg og si rolle i «Barn og unge i fokus». Filmen ser du nederst i artikkelen.

Tjenestene som deltek i filmen og i prosjektet er barnehage, skule, helsestasjon, Midt-Gudbrandsdal pedagogisk psykologisk tjeneste (MGPP), barneverntjenesten, rus og psykisk helse, flyktningetjenesten og politi. 

Helsestasjonen, barnehage og skule er dei tjenestene som møter dei fleste barn og familiar. Derfor er det viktig å sørge for at desse tjenestene har god kompetanse på å samtale med barn og unge, skape gode relasjonar og hjelpe barn, unge og familier på ein slik måte at det oppleves som nyttig og riktig.  

Ni personer står samla og smiler til kamera. - Klikk for stort bildeProsjektgruppa. Foran f.v: Tone Kalstadstuen (spesialpedagog, skule), Liv Randi Sundhagen (prosjektleiar), Eli Oda Segelstad (barne- og familieveileder), Kari Gryttingslien (fagkoordinator psykisk helse), Ann Kristin Hoel (nestleiar barneverntjenesten Midt-Gudbrandsdal). Bak f.v: Ingrid Wistad (helsesjukepleier), Eivind Lund (kommunalsjef oppvekst), Tor Otto Stormo (leiar Midt-Gudbrandsdal pedagogisk psykologisk tjeneste), Per Morten Nyeng (leiar Nav Midt-Gudbrandsdal).

 

Tilgjengeleg informasjon

Nokre gonger kan det vere vanskeleg å finne fram til informasjonen ein treng, eller kvar ein kan få hjelp om ein ønskjer det. Spesielt for barn og unge, er det viktig at denne informasjonen er lett tilgjengeleg og at den finnes på plattformer der dei deltek. Derfor skal det utarbeides god, visuell informasjon for barn og unge, spesielt på nett og sosiale medier.  

Når det gjeld kunnskap og kompetanse har prosjektgruppa kartlagt arenaer for samhandling og kva som fungerer godt. Det er gjennomført ei undersøking blant tilsette i dei aktuelle tjenestene for å sjå kva kompetanse vi har og kva vi ønskjer meir av.  

Det kommande året skal prosjektgruppa jobba vidare med utvikling av samhandlingsmodellen, informasjon og opplæring i tjenestene og involvering av barn, unge, foresatte og ansatte.   

Sjå presentasjonsfilmen

Filmen er laga i samarbeid med MMMedia.