Barnehagen møter kyrkja

Barnehagen møter kyrkja - Klikk for stort bilde Liene barnehage Dei to eldste årskulla i Liene barnehage var så heldige at dei vart invitert til kyrkja nå i juni. Her fekk vi møte kyrkja på ein anna måte enn det vi er vant til i det daglege.

Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon.

Hildegunn Ruset var der å fortalte soga om korleis vi i Sør-Fron vart kristna. Hendinga på Dale-Gudbrand har sett spor i historia vår og vi i barnehagen har hatt prosjekt Hundorp 2021 i år, så dette var kjent og morosamt.

Hildegunn hadde også ei lita arkeologisk utgraving med oss, vi fann skattar og fekk laga oss eit armband.

Sokneprest Kristinn Ôlason fortalte oss om dei viktige møtepunkta vi har i kyrkja, dåp, konfirmasjon, bryllaup og gravferd. Barna fekk prøve å døype ei dukke.

Kantor Sergey Shulga spelte orgel for oss og vi var så heldige at vi fekk vere oppe ved orgelet saman med han.

Menighetspedagog Barbro Kvernes hadde ei fin formingsstund saman med barna i kapellet.

Kyrkjetenar Stein Olav Myhre viste oss dei forskjellige grasklypparane han har og vi fekk prøvesitte traktoren. Etterpå gjekk vi rundt og såg på forskjellige graver.

Vi fekk servert god mat av klokker Synøve Barlund Fladby og kyrkjeverje Kristian Haave.

Tusen takk for ein morosam og lærerik dag hos dykk!