Drog i gang Torsdagstreffen med sang

Torsdagstreffen er i gang att, og den går på omgang mellom bygdahusa som før.

Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon.

Årets fyrste torsdagstreff vart arrangert på Harpefoss grendahus torsdag 27. januar. 

- Folk set pris på trimmen; balanse og styrke blir betre. Etterpå var det kaffe og vaffel, og praten gjekk ved borda, fortel aktivitør og frivilligkoordinator i Sør-Fron kommune, Bergljot Mæhlum. 

Om lag 20 personar møtte fram på årets fyrste treff.

- Det er godt å kunne treffast. Fire frivillige sørger for at vi får arrangert treffen, og denne torsdagen var to av dei frå Harpefoss sanitetsforening, seier Mæhlum.

Til slutt hadde Godlåten ei fin sangstund for dei frammøtte.