Onsdag 09. august
16:41 Sju evakuerte
I løpet av onsdag 09.08. er sju innbyggarar i Sør-Fron blitt evakuert frå heimane sine, både med helikopter og med bistand frå Sør-Fron Røde Kors.
Fem av desse har vore innom på kommunens evakueringssenter, og fått forpleining og omsorg, før dei har vorte innkvartert andre stader. To evakuerte reiste direkte til anna innkvartering.
Fleire andre innbyggarar har sjølv flytta frå heimane sine grunna ras og flom.
16:16 Stengte riks- og fylkesvegar
Vi får ein del spørsmål om stengte riks- og fylkesvegar, og også private vegar. Sør-Fron kommune har ansvar for det kommunale vegnettet, og har ikkje kapasitet eller moglegheit til å følgje med på andre vegar enn våre eigne.
Det er over 100 fylkesvegar som nå er berørt, og fylkeskommunen har ikkje mulegheit til å varsle om alle stengte og opne vegar. Vi oppmodar derfor folk om å følgje med på Vegvesenets sider om trafikkmeldingar: https://www.vegvesen.no/trafikk#
15:48 Lokal legevakt og beredskapstelefon
Sør-Fron kommune opprettar lokal legevakt på grunn av begrensa framkommelegheit til Lillehammer. Legevakta er open frå kl. 16:00 onsdag 09.08.2023 til kl. 08:00 torsdag 10.08.2023. Denne gjeld ved akutt helsehjelp. For å kome til legevakta må du ringe 116 117.
For andre spørsmål som gjeld helse og omsorg, er det oppretta beredskapstelefon, telefonnummeret hit er 482 30 449. Denne er open til kl. 23:00.
14:23 Felles barnehage på Harpefoss også torsdag
Grunna mange stengde vegar blir barn og tilsette frå Liene barnehage på Harpefoss barnehage i morgon også. (Torsdag 10. august.) Det er vanleg opningstid og bemanning frå begge barnehagane. Alle føresette har fått tilsendt informasjon om barnehagedrifta.
13:22 Utvidar opningstid på sentralbordet onsdag
Sør-Fron kommunes sentralbord, tlf 61 29 90 00, utvidar opningstida onsdag 09.08.2023 til kl 18:00.
12:00 Status frå kriseleiinga i Sør-Fron
Kriseleiinga i Sør-Fron sit onsdag formiddag i møter for fortløpande å løyse dei utfordringane og hendingane som oppstår i kommunen.
Kriseleiinga følgjer situasjonen nøye, og nytter sine beredskapsplanar i arbeidet.
Det er onsdag morgon oppretta evakueringssenter som blir nytta for å ta i mot dei av våre innbyggarar som er evakuert.
10:05 Bistand frå Røde Kors
Røde Kors bistår Sør-Fron kommune i den kritiske situasjonen knytta til uvær, flom og ras. Dersom privatpersonar har behov for hjelp kan Røde Kors kontaktast på telefonnummer 952 06 650.
Vi gjentek at dersom det er fare for liv og helse må ein kontakte nødetatane.
Dersom innbyggarar er innesperra eller har oversikt over stengte vegar, kan dette varslast til kommunens servicekontor på 61 29 90 00, eller vakttelefon for veg tlf 950 39 429.
08:47 Jobbar med å skaffe oversikt
Sør-Fron kommune jobbar nå med å skaffe seg oversikt etter natta, mellom anna kva for vegar som er stengte. Vi er klare over at enkelte innbyggarar kan vera innesperra eller avskore grunna utraste vegar, ras og oversvømmelse. Vi oppmodar alle til å halde seg heime, og unngå unødvendig kjøring. Dersom det er fare for liv og helse må ein kontakte nødetatane.
Dersom innbyggarar er innesperra eller har oversikt over stengte vegar, kan dette varslast til kommunens servicekontor på 61 29 90 00, eller vakttelefon for veg tlf 950 39 429.
02:19 Mange stengte vegar
Det kjem stadig nye meldingar om stengte vegar i Sør-Fron. Vi oppmodar innbyggarar til å halde seg oppdaterte om dette på vegvesen.no/trafikk. NB! Vi opplever at oversikten hos Vegvesenet ikkje er oppdatert til ei kvar tid. Situasjonen endrar seg fortløpande.
00:56 Stenger Liene barnehage onsdag 09.08.
Kriseleiinga i Sør-Fron har i møte tysdag kveld beslutta at Liene barnehage blir stengt i dag, onsdag 9.august. Grunnen er fleire stengte vegar og stengt Hundorp bru.
Følgjande informasjon er sendt ut frå barnehagen til berørte:
For dykk som har behov for barnehage vil det vere mogleg å levere på Harpefoss barnehage, Vintervegen 315. Det vil vere personal frå Liene der. Det vil ikkje bli tatt med utstyr frå Liene til Harpefoss. Ta med alt utstyr barnet ditt treng for ein dag i barnehagen.
Vi vil heller ikkje ha mobilane til avdelingane med oss, men har de behov for å snakke med oss, ring:
481 24 885 - styrar på Harpefoss
954 80 426 - avdeling Kvitberget
Elles går kommunikasjonen på appen.
00:31 Gamle E6 stengt ved Jetlund
Fylkesveg 2522 er stengt ved Jetlund etter jordskred. Følg trafikkmeldinger på vegvesen.no/trafikk.