Eldre ut på middag

Bjørg Setså synger - Klikk for stort bildeBjørg Setså synger"Eldre ut på middag" vart arrangert i Lidarende 24.juni. Sør-Fron kommune hadde søkt og fått tilskott frå Statsforvalteren i Innlandet til dette formålet.

Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon.

Arrangementet hadde ikkje vore mogleg utan innsats frå frivillige. Begge sanitetsforeningene i bygda, Harpefoss og Sør-Fron, Røde Kors Omsorg og Bygdekvinnelaget stilte opp. Kor viktig den frivillige innsatsen er, vart poengtert av ordføraren.

Menyen var: Viltgryte, og fruktsalat med mascarponekrem til dessert. Etterpå kaffe og Sørheimskringle.

Bjørg Setså og Iren Falkenhaug sørga for vakkert musikalsk innslag.

Det var god stemning og tydeleg at gjestane sette stor pris på tiltaket.