Gjenopning av Fron badeland 1. august

Etter å ha vore stengt på grunn av ombygging og oppussing gjenopnar Fron badeland 1. august kl. 12:00!

Fron Badeland er 14 år i 2024 og har behov for større utbetrings- og vedlikehaldsarbeid for å oppretthalde god drift i åra framover.

Anlegget har derfor vore stengt for alle badegjestar frå 2. april 2024. 1. august opnar badeland endeleg att!

For opningstider og informasjon, besøk Fron badeland sine nye nettsider!

Utbetringa av Fron Badeland er eit stort prosjekt som skal gjere at badeland framleis er ein god plass for trening, leik og velvere i mange år framover.

I filmen under kan du sjå litt av kva som er gjort: