Informasjon om bru på Verksodden

Brua frå Verksodden til Gravholmen er nå fjerna. Snart kjem det ny bru på plass. 

Den gamle brua over til Gravholmen var ikkje lenger trygg, og det vart i 2023 derfor beslutta at denne skulle stengast og erstattast med ei ny. Nyleg vart den gamle brua fjerna. 

I desse dagar blir det jobba med beslutning kring fundamentering av den nye brua, og Steinar Moldal som saman med elevar frå Hjerleid skal stå for sjølve bygginga, skal nå merke ut tre på staden som skal nyttast i konstruksjonen.  

- Desse skal kvistast på staden og "godgjere" seg gjennom sommaren. Fysisk bygging av trekonstruksjon blir da tidlegast i haust, så i år blir det ikkje bru til å gå over. Det tek litt tid når vi skal gjera det stuttreist, seier prosjektleiar i Sør-Fron kommune, Østen Bergum.

Fram til ny bru står ferdig, er atkomst til Gravholmen rundt Valdrestjønna via Venlivegen.  

Sjå kart under: