Julegåve til fire heldige Stolpejegarar

3991 turglade jegarar deltok i årets stolpejakt i Sør-Fron. Neste år lovar arrangørane 60 heilt nye stolpar!

Ein liten nedgang frå året før til tross, kulturleiar Bjørn K. Sletten er ikkje misfornøgd med årets jakt.

– Eg syns det er fantastisk at 3.991 jegarar deltek i jakta. Eg trur ikkje det er så mange kommunar som har fleire stolpejegarar enn faste innbyggarar, seier Sletten som også trur 2021 var eit toppår grunna korona og mange norgesferierande midtdøler og hytteinnbyggarar. 

Totalt var det 24.634 besøk på dei 60 stolpane i kommunen. Det gir eit snitt på 6 stolpar per jegar.

– Det er vi veldig godt nøgde med. Stolpejakta i Sør-Fron er ikkje ei konkurranse, det handlar ikkje om å kome fyrst, men om å kome seg ut på tur og å halde seg i fysisk aktivitet. Det føler vi i at vi klarer med Stolpejakten, seier Sletten.

60 nye stolpepunkt

Det har kome attendemeldingar på at det blir ein del gjentaking av stolpar frå eitt år til eit anna i Sør-Fron.

– Dette heng saman med at stolpejakta vår er ei vidareføring av dei gamle turmåla. Da var det ein del «faste» turmål som måtte vera med. Så ser vi at for å engasjere flest mogleg, må vi ha større andel nye stolpar kvart år, seier Sletten.

Kommunen har tatt innspela til seg.

– Neste år blir det derfor 60 nye stolpepunkt. Vi får litt å jobbe med, seier kulturleiaren. – Vi kjem også til å prøve å ha fleire lett tilgjengelege stolpar, slik at fleire kan få tatt så mange stolpar som mogleg.     

Til slutt tek vi med att to av stolpane passerte 1000 besøk: Det var stolpane ved Sør-Fron kyrkje og ved bysta av gamleordførar Egil Hernæs ved kommunehuset.

Premiering 

70 personar har tatt alle 60 stolpane. 

I år har vi trekt fire heldige vinnarar av gåvekort på Sport 1 på Gålå handel som dukkar opp i postkassa etter nyttår. Ein vinnar under 19 år, ein vinnar blant alle deltakarar som har tatt ein eller fleire stolpar, ein vinnar blant dei som har tatt alle og ein vinnar blant dei som har tatt 30 eller fleire stolpar. 

Desse vil få tilsendt gåvekort i posten:  

Vinnar 1 (under 19 år): Edvard Rønshaugen Haugrud  

Vinnar 2 (blant alle deltakarar): Siw Kvernes

Vinnar 3 (minimum 30 stolpar): Pål Arne Midtlin 

Vinnar 4 (alle 60 stolpar): Terje Frithjofsen

Sen oss ditt forslag!

Det blir sjølvsagt ny runde med Stolpejakten i 2023. 

Veit du om ein fin plass det hadde passa med ein stolpe? Send ditt forslag til kulturleiar Bjørn K. Sletten på bjorn.sletten@sor-fron.kommune.no innan 1. februar 2023.

Årets jakt startar seinast 15. juni. Det blir gitt meir informasjon når vi nærmar oss oppstart. 

Les meir om Stolpejakta her.