Julemiddag for frivillige

Anita S. Nord

Torsdag 1. desember var frivillige ved Sør-Fron frivilligsentral inviterte til julemiddag i Storsalen.

Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon.

I samband med Frivillighetens dag, 5. desember, ønsker kommunen å markere kor stor pris vi set på dei frivillige og den innsatsen dei gjer.

Før middagen spelte og song gruppa Hildring for oss. Dei kjem frå folkemusikklina på Vinstra.

Så vart middagen servert av tilsette i kommunen, menyen var ribbe med alt tilbehør, og karamellpudding og kaffe til dessert. Maten fekk mye ros.

Kommunalsjef Anne Holsbrekken, kommunalsjef Christine Larsdotter Vaagen og ordføraren poengterte kor viktig den frivillige innsatsen er; slik får innbyggjarane eit rikare tilbod.

Folk hygga seg og prata med kjente og ukjente.