Kor skal vi bygge dagsturhytte i Sør-Fron?

Sør-Fron kommune har takka ja til Innlandet fylkeskommune sitt prosjekt «En dagsturhytte i alle innlandskommuner».  Vi har som mål å sette opp hytta i 2023.  Nå ber vi om forslag frå innbyggarane om kor hytta skal ligge.

Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon.

Nå kan du melde inn ditt forslag til plassering ved å bruke registreringsskjemaet under (frist 01.11.2021):

Registreringsskjema Dagsturhytta i Sør-Fron

Fylkesutvalet i Innlandet vedtok i februar 2020 at alle kommunane i Innlandet skal få tilbod om ei såkalla dagsturhytte på eit utvalt turmål innan 2025. Sør-Fron kommune mottok invitasjon til deltaking i prosjektet frå Innlandet fylkeskommune 14. januar i år. Formålet med prosjektet er å etablere ei dagsturhytte som er lett tilgjengeleg og som stimulerer til auka bruk av nærfriluftslivet. Desse hyttene skal vera eit lågterskeltilbod for alle uavhengig av sosial, økonomisk og kulturell bakgrunn, og målsetnaden er éi dagsturhytte i kvar kommune innan 2025.

Kommunestyret i Sør-Fron takka ja til invitasjonen og vedtok å bygge dagsturhytte i februar 2021. Sjå alle dokument i saka her.

Fylkeskommunen har sett følgjande kriterium for plassering:

  • Turmålet skal vera lett tilgjengeleg og stimulere til auka bruk av nærfriluftslivet.
  • Startpunktet er forventa å ligge nært ein stor tettstad i kommunen.
  • Det bør vera tilstrekkeleg med parkeringskapasitet ved startpunktet, evt. potensiale for utbetring. Erfaringar frå andre stader med tilsvarande prosjekt syner ei kraftig auke på aktivitet.
  • Det er ein fordel om beliggenheit er tilknytta eit allereie eksisterande turmål, også i forhold til eksisterande skilting og informasjon, i tillegg til avfallshandtering.
  • Vurdere om sti til/frå tålar auka trafikk og er godt tilrettelagt, med tilstrekkeleg skilting.
  • Adkomst bør vera enklast mogleg for flest mogleg, også for barn i barnehage og skulealder.
  • Tilgjengelegheit til dagsturhytta heile året er ein fordel.
  • Lokasjon må avklarast i forhold til kulturminne med Innlandet Kulturarv.
  • Plasseringa kan ikkje vera over 1200 moh, pga. helikoptertransport.
  • Maks grense for plassering av Dagsturhytta frå farbar veg er 2 km i luftline pga forenkling med berekning av pris for transport for leverandørar. 2 km i luftline er grovt rekna det dobbelte i terrenget. 

Viktig friluftslivssatsing

Sør-Fron kommune er ein friluftskommune. Gjennom ulike prosjekt som kommunen har engasjert seg i og støtta gjennom dei siste åra, er nærfriluftslivet vektlagt i stor grad.

Vi håper at ei dagsturhytte slik den er skissert i invitasjonen frå Innlandet fylkeskommune, er ei god vidareføring av denne satsinga, og ytterlegare ei styrking av nærfriluftslivet i Sør-Fron:
• I motsetnad til mange av dei eksisterande hyttene som er lokalisert langt unna busetnad, er dagsturhytta eit lågterskeltilbod i nærmiljøet.
• Gjennom etablering av ei dagsturhytte i nærmiljøet vil dette få fleire ut på tur.
• Ei dagsturhytte skapar møteplassar for tilhørigheit der ein kan søkje ly og få litt varme i seg.
• Friluftsliv har ein dokumentert helseeffekt og er ein viktig faktor for befolkningas livskvalitet.