Løyver tilskot til vanskelegstilte

Kommunestyret i Sør-Fron beslutta 15.12.2022 å løyve 100.000 kroner til vanskelegstilte familiar og einslege med dårleg råd inn mot julehøgtida. Sør-Fron Lions og Sør-Fron Røde Kors Hjelpekorps skal sørge for at midlane kjem til dei som treng det før jul. 

Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon.

Kommunestyret gjorde vedtak i samband med budsjettbehandlinga torsdag 15.12.

«Sør-Fron kommune bevilger 100.000 kroner fra kommunestyrets løyvingspost (i 2022) til vanskeligstilte familier og enslige med dårlig råd inn mot julehøytiden. Administrasjonen gis fullmakt til å organisere og koordinere arbeidet. Konkret eksempler er å bidra inn i utdelingen av matkasser sammen med Sør-Fron Lions, og gavekort på Fron badeland.» 

For å få midlane ut til dei som treng det så fort som råd, har administrasjonen beslutta at midlane skal delast likt mellom Sør-Fron Røde Kors Hjelpekorps og Sør-Fron Lions, og nyttast til desse to organisasjonane sine gode initiativ mot vanskelegstilte når før jul.

Sør-Fron kommune nyttar samstundes høvet til å takke organisasjonane  for det gode og viktige arbeidet dei gjer.

Jone Elisabeth Strand i Sør-Fron Lions seier dei ønskjer å bidra til at alle skal få ei best mogleg jul.

- Med solid økonomisk bistand frå Sør-Fron kommune, private bidragsytarar og klubbens eigne midlar har vi nå mogleik til å hjelpe private husstandar som strevar litt ekstra med å få endane til å møtes nå før jul. Vi ønskjer å bidra til at jula skal kunne bli så god som mogleg for alle bygdas innbyggarar. Alle forespørslar tas imot og blir behandla på ein skånsam måte, og ønsket vårt er at folk skal tørre å be om hjelp utan å føle seg stigmatisert. Vi ønskjer å hjelpe både enslege og familiar, seier Strand. 

Sør-Fron Lions ber om følgjande informasjon frå dei som ønskjer hjelp til mat før jul:

  • Navn på kontaktperson og kor mange vaksne og/eller barn familien består av.
  • Dei ber om at folk som treng bistand tek kontakt med Jone-Elisabeth Strand innan utgangen av tysdag 20.12.2022.

Midlane til Røde Kors vil mellom anna bli brukt på middag og oppfylling av ønskjer frå Ønsketreaksjonen.