Markering av veteran- og frigjeringsdagen

8. mai 2020 2.jpg SJÅ VIDEO! 8. mai vart markert med tale, kransnedlegging og musikk ved Sør-Fron kyrkje.

I år er det 75 år sidan fredsvåren 1945 og 80 år sidan krigsutbrotet. Det vart markert ved minnesteinen over Bjarne lien - den einaste sørfrøningen som fall i kamp under andre verdskrigen.

Du kan sjå markeringa i si heilheit på Facebook, eller sjå videoen lenger oppe i denne saka. 

Ordførar Ole Tvete Muriteigen heldt tale og la ned krans ved grava, og frå forsvaret deltok kaptein Per Gunnar Hagelien. 

- Invasjonsdagen 9. april og særleg aprildagane i 1940 i Kvam må vi aldri gløyme. Samstundes skal vi markere frigjeringsdagen 8. mai - dagen da freden kom etter fem år under tysk okkupasjon. Da skal vi minnast dei som gav alt, og heidre innsatsen til dei mange som gjorde motstand mot nazismen. Både her heime og ute. Særs viktig er at historia til dei som opplevde krigen blir formidla til nye generasjonar, sa Hagelien under si tale på Kvam tidlegare på dagen. 

På Regjeringen.no kan du sjå bilder frå nasjonale markeringar.

- Fridom og fellesskap

Ordførar Ole Tvete Muriteigen trekte parallellar til vår eigen tid. 

- Måndag skal alle skuleungane og -ungdomane våre endeleg få kome attende på skulen. Dei aller, aller fleste gler seg nok til det. Fordi dei ønskjer å lære – men ikkje minst for å igjen få vera ein del av eit fellesskap, og kjenne på fridomen vi etter kvart har begynt å ta for gitt. I fjor var det markering i regi av elevar ved Harpefoss skule. Johannes Lunde fortalte frå mai-dagane i 1945. Han var da 12 år, og kunne fortelje om heilt spesielle dagar det er komplett umogleg å forstå i dag. Elevane fortalte om kva friheit var for dei. Friheit til å spele fotball, til å spele musikk, til å ta eigne valg, til å gå tur i skogen, og til å sleppe krig, sa ordføraren før han la ned krans på minnesteinen over Bjarne Lien.

Lena Gallatin Løsnesløkken bidrog på trompet, blant anna med "Ja, vi elsker", som avslutta markeringa etter eitt minutts stillheit. 

Les heile histoira om Bjarne Lien på Fron historielag sine heimesider.

 

Les heile tala til ordførar Ole Tvete Muriteigen her:

Vel møtt til frigjerings- og veterandagen 8. mai 2020, og vel møtt til ei markering av at 75 år har gått sidan frigjeringsdagen i 1945.

Planen var at dei 3 midtdalskommunane skulle markere saman, men koronavirussituasjonen sette ein stoppar for det, og det vart kun felles annonsering. Takk for initiativet bak fellesmarkeringa, forresten.

Innleiingsvis vil eg vil eg berre seie at dei siste vekene har vore svært spesielle. På mange måtar har vår kommune, landet vårt og heile verda stått overfor ein felles fiende.

Ein skal vera utruleg forsiktig med å dra for mange og for tydelege parallellar til den situasjonen bygdefolket her og i resten av landet stod i for 80 år sidan, men det er vanskeleg å unngå å sjå nokre likheiter. Først og fremst dei strenge restriksjonane og tiltaka vi alle har kjent på kroppen dei siste vekene.  

Sist gongen Norge var utsett for så sterke begrensingar var det ei framand makt som stod bak. Meiningsytringar, friheit og fellesskap var truga. 

8. mai i 1945 feira sørfrøningane at bygda og landet atter var fritt. Men dei fem krigsåra hadde sett sine spor. 2. verdskrigen var – i langt større grad enn andre krigar før den – ein ideologisk krig.

Nokre kjempa og fall på feil side. Andre kjempa og fall på rett sida. Tre sørfrøningar var sende i konsentrasjonsleir og kom aldri heim. Vi har heidra minnet deira med snublesteinar ved kommunehuset.

Tida leger alle sår, heiter det, og 75 og 80 år er lang tid. Men sjølv om såra gror treng vi – og dei som er unge i dag  – å bli minna om det vi kjempa for under andre verdskrigen, og kvifor vi markerer 8. mai.

Den dugnaden vi nå alle har vore med på og er med på, er ei vidareføring av den same fellesskapstanken og kampen for å bevare dette samfunnet som vi alle er så glade i og stolte av. Openheita og  fridomen vi har. Vi vil attende dit. Så raskt som råd. 

Måndag skal alle skuleungane og -ungdomane våre endeleg få kome attende på skulen. Dei aller, aller fleste gler seg nok til det. Fordi dei ønskjer å lære – men ikkje minst for å igjen få vera ein del av eit fellesskap, og kjenne på fridomen vi etter kvart har begynt å ta for gitt.

I fjor var det markering i regi av elevar ved Harpefoss skule. Johannes Lunde fortalte frå mai-dagane i 1945. Han var da 12 år, og kunne fortelje om heilt spesielle dagar det er komplett umogleg å forstå i dag.

Elevane fortalte om kva friheit var for dei. Friheit til å spele fotball, til å spele musikk, til å ta eigne valg, til å gå tur i skogen, og til å sleppe krig. Veldig fint å høre.

8. mai skal vi minnast alle som har gitt sitt liv for vår friheit, og vi skal minnast og heidre innsatsen til alle norske kvinner og menn som har gjort og gjer innsats for å verne fred og demokrati – både heime og ute.

Dette gjeld mange frå Sør-Fron – for vi har fleire veteranar. Alle fortener ein varm takk frå oss alle.

Bjarne Lien var den einaste sørfrøningen som fall i kamp under andre verdskrigen.

Kjære familie.

Eg har tatt utgangspunkt i ein artikkel i Fronsbygdin frå 2009 av Odd Midtlin, som skildrar denne fryktelege hendinga i 1940. Bjarne Lien var Odd sin onkel på morsida, og artikkelen heiter ”La oss håpe at kommende slekter forstår”.

Bjarne Lien fekk mobiliseringsordren den 10. april 1940 og meldte seg ved motormitraljøseeskadronen ved Oplandske Dragonregiment på Hamar. Regimentsjef Jensen fortel dette slik:

Natten til den 18. trakk dragonregimentet seg etter ordre tilbake gjennom Stange, hvor det sto en mindre kamp litt syd for stasjonen, og gjennom Hamar til Furnes og Brumunddal.

Tyskerne fulgte langsomt etter og slo seg til ro i Hamar natten til den 19. april. Imens hadde vi ordnet oss til forsvar igjen i Furnes, ca fem km nord for Hamar.

Tyskerne gikk til angrep ved 11-tiden om formiddagen den 19. Og i den kampen som fulgte, var det at Bjarne fikk sin bane. Det mitraljøselaget han tilhørte, hadde stilling nær riksveien, litt syd for der hvor veien tar opp til Høsbjør turisthotell. En stor granat, formodentlig fra en bombekaster, rammet midt i laget og satte hele laget ut av kamp. Bjarne ble hardt såret, brakt til et feltsykehus i Brumunddal, hvor han døde samme dag. Han ble 24 år gammel.

Soknerådet i Sør-Fron organiserte arbeidet med å få reist ein minnestein. Planen var å finne kleberstein frå heimbygda, men det var vanskeleg å finne kleber av god nok kvalitet. Steinen vart henta frå Vågå, og treskjæraren Peter Sveipe sto for utsmykkinga av steinen. Han hadde hatt Bjarne som handverkselev i to vintrar på folkehøgskulen på Hundorp.

Det var regimentssjef oberst  Jensen som foretok den høgtidelege avdukinga, og ga Bjarne Lien rosende omtale:

Jeg tør ikke si at jeg husker Bjarne Lien hverken fra rekruttskolen på Gardermoen eller fra krigsdagene i 1940. Men alle som kjente ham personlig, sier at han var en kjernekar. Han var en god soldat og et godt menneske. Hele hans liv og alt hans arbeide var preget av ærlighet. Hans kameratskap var ekte og uten svik.

Dette stemmer godt med slik familien og andre kjente Bjarne Lien. Det var sjølvsagt eit frykteleg slag for familien og alle rundt. Svært vanskeleg å forestille seg i dag.

Vågå-kleberen vara ikkje evig, og det var på mange måtar eit viktig kulturminne som gjekk tapt med den gamle klebersteinen – som gjennom 60 år hadde vore eit samlingspunkt både 8. og 17. mai.

Gudbrandsdal Forsvarsforening tok initiativ til ny minnestein. Det vart organisert opp ein liten innsamlingsaksjon, og ny stein - ein grå, hard naturstein - vart gitt i gåve av Ola Alme i Øverbyga.

Teksta er den same som tidlegare.

Ny minnestein vart avduka den 8. mai 2008 av brigader Sigrud Hellstrøm. Han avslutta minnetale si slik:

«Jeg takker dem som har tatt initiativet til å holde minnet om sør-frøningen Bjarne Lien i hevd. La oss håpe at kommende slekter forstår hvilket offer han ga for at sør-frøninger og nordmenn skulle få leve i frihet og fred.

Bjarne Lien fortener å bli hugsa for det ofret han gjorde, og vi andre har godt av å bli minna om, innimellom, at fridom har sin pris.»

Innleiinga passar godt som avslutning: ”La oss håpe kommende generasjoner forstår”.

Friheit er ikkje gratis. Aldri meir 9. april 1940.