Nå er Hjertebanken offiselt opna

Fredag 1. april var det offisiell opning av Hjertebanken i sentrum på Hundorp.

Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon.

Det gamle Sparebank1-bygget på Hundorp har vore under ombygging, sidan Sør-Fron kommune kjøpte eigedommen i 2021. I 1.etasje har Fron fysioterapi flytta inn og etablert nytt treningssenter og sitt behandlingstilbod der frå februar i år, og nå er 2. etasje ferdigstilt og dei kommunale fysioterapeuteane har også flytta inn.

1. april var det tid for snorklipping, ballonger, kake og omvising. Og ikkje minst vart namnet på bygget avslørt.

 Ungdommen ville ha "Hjertebanken"

Det vart utlyst namnekonkurranse på heimesida til kommunen, og det kom inn totalt 111 forslag.

Leiargruppa i Sør-Fron kommune bestemte at Sør-Fron ungdomsråd skulle få oppdraget med å avgjere namn på bygget utfrå dei innkomne forslaga, og eit samrøystes ungdomsråd valte namnet "Hjertebanken". 

Huset skal vera eit bankande hjarte i sentrum i bygda, her kan du «trimme» hjartet, og det er eit gamalt bankbygg. 

Mange hadde møtt fram for å ta del i opninga, ta ein titt inn og få kake og kaffi.

Vinnar av namnekonkurransa vart Ina Walaker. 

- Ein stor dag

Ordførar Ole Tvete Muriteigen fekk æra av å klyppe snora.

- Dette er ein skikkeleg stor dag, sa Muriteigen.

Muriteigen var opptatt av at det er den aktiviteten som skjer inne i lokala som er viktig, men han trakk og fram at det svært positivt med mykje bilar og stor aktivitet rundt det nye tilbodet.

- Det er utruleg gledeleg å konstatere at det hadde den effekta det var tiltenkt å ha - nettopp at det har betydning for kommunesenteret. Det er eg heilt sikker på at det kjem til å ha framover au, sa Muriteigen. 

Leiar i Sør-Fron idrettsråd, Lars Nyhus, ovverrekte blomar på vegner av idretten i Sør-Fron, Anne Marie Brenden hadde med seg blomsterhelsing frå Harpefoss sanitetsforening, medan Trond Slåen frå Sparebank 1 Gudbrandsdal attåt blomar hadde med seg ein takk frå tidlegare eigar av bygget for at det nå blir nå og viktig bruk i bygda.