Ny podkast frå Sør-Fron kommune

Sør-Fron kommune lanserer i desse dagar ein ny podkast. Gjennom episodane kan du bli betre kjent med dei ulike tenestene kommunen leverer, og kven vi som jobbar i kommunen er. 

Podkasten har fått tittelen “Bjørn og Live prøver å forstå kommunen”, og det er Bjørn Sletten og Live Jørstad Bakka frå kultur og kommunikasjonsavdelinga som står bak. 

Målet er at innbyggarar, tilreisande og andre skal forstå litt meir om korleis ein kommune fungerer - og kvifor vi priroriterer som vi gjer. 

Alle episodane er tilgjengelege i Spotify, og i spelaren under: