Nye nasjonale retningslinjer

Regjeringa annonserte måndag 26. oktober nye målretta tiltak mot koronasmitte. Tiltaka gjeld frå 28. oktober, og skal hindre at Noreg kjem i same situasjon som mange andre europeiske land.

Tiltaka vil gjelde i ei tidsbegrensa periode. 

Sjå dei nye nasjonale tiltaka på regjeringa si heimeside.

Kva gjeld for Sør-Fron? 

Tidleg i pandemien hadde Sør-Fron og andre kommunar i området lokale føringer for å imøtekoma utfordringar knytt til koronasmitte. 

Dette er ikkje lenger tilfellet, men vi opplev at mange framleis har spørsmål som "kva retningsliner gjeld for Sør-Fron?". Det er ikkje rart, med tanke på korleis situasjonen var i mars. Vi ønskjer difor å understreke at alle tiltak, regler og retningsliner som gjeld nasjonalt, gjeld også for alle innbyggjarar og besøkande i Sør-Fron. 

For oppdatering på status om korona i Sør-Fron, sjå vår eiga infoside om korona.

Nyttige sider for oppdatert informasjon

Vi oppmodar alle til å innhente informasjon frå sidene under: 

Folkehelseinstitutttet sine temasider om korona

Helsedirektoratet sine sider om korona

Dersom du har spørsmål du ikkje finn svaret på her kan du ringe koronatelefonen på 480 75 383.