Rigga helsekontor for flyktningar på Wadahl

Anita Nord Denne veka har tilsette i Sør-Fron kommune rigga helsekontor på Wadahl høgfjellshotell i samband med at hotellet blir asylmottak for ukrainske flyktningar. 

Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon.

Krigen i Ukraina har tvinga millionar av ukrainarar på flukt. Mange av desse menneska vil komme til Norge, og på Wadahl høgfjellshotell er det nå klart for mottak av 450 flyktningar frå dei krigsherja områda.

Også Sør-Fron kommune blir sterkt påverka av flyktningstraumen og mottaket på Gålå.  

- Denne veka har vi rigga helsekontor på Wadahl i samband med mottak av flyktningar. Det har ikkje kome flyktningar ennå, men vi er nå klare til å bistå med helsehjelp ved behov, seier tenesteleiar for familie og mestering i Sør-Fron kommune, Anita Skjeggestad Nord.

Stor innsats

Nord fortel om god hjelp frå mange tilsette i kommunen for å få helsekontoret ferdig rigga.

- Vi har hatt god hjelp av vaktmeistrane Vidar Skriubakken og Michael B. Borycsewicz med kjøring av utstyr. IKT-sjef Jo Kristian Bartnes bistod med opprigging av teknisk utstyr. Helsesekretær Kristine Brenden Kolsås, leiar for Sør-Fron legesenter Elisiv Teigen, fagkoordinator for helsestasjonen Ingeborg Braastad Hagen, helsesjukepleiar Ingrid Wistad, kommuneoverlege Anders Brabrand og underteikna fiksa slik at vi nå har funksjonelle kontor, seier Nord.

Lovkrav til vertskommunar for asylmottak

Grunnen til at kommunen nå riggar helsetilbod og andre tenetser knytt til flyktningsituasjonen, er det fordi det følkgjer ein del lovkrav med å vera vertskommune for asylmottak.

Dette gjeld for kommunar med akuttinnkvartering, og kommunane har ansvar for å gi lovpålagte tenester til bebuarane. Vertskommunane får tilskot frå staten for å sikre at bebuarane får dei tenestene dei har krav på. Tilskotet skal dekke dei gjennomsnittlege utgiftene kommunane har for tenestene dei skal gi. 

Helsetenester

Asylsøkarar og flyktningar har same rett til helsetenester som den øvrige befolkninga. Retten til helsehjelp for asylsøkarar gjeld frå dei kjem til Norge for å søkje beskyttelse. På nettsidene til Helsedirektoratet er det oppretta ei temaside om Ukraina-situasjonen.