Snart klart for musikkfest

Frå 30. september – 2. oktober blir Gudbrandsdal Musikkfest arrangert for tredje gong med 15 konsertar på 12 unike arenaer frå Lillehammer i sør til Lom i nord. I Sør-Fron kan du oppleve heile fire konsertar på ei og same helg!

Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon.

Med klassisk folkemusikk og folkeleg klassisk musikk vil arrangørene ha med publikum og samarbeidspartnarar på å skrive Gudbrandsdalen i gullskrift!

Musikkfesten blir opna i Tinde Fabrikk med heile landets KORK og solistane Ragnhild Hemsing, Mari Midtli, Bjørn Kåre Odde og Ingeborg Gillebo. 

I Sør-Fron kan du oppleve heile fire konsertar på ei og same helg: Kvarts på Gålå og i Bessmorhuset på Aanekre og Arve Tellefsen med gjestane Kjetil Bjerkestrand og Ragnhild Hemsing på Rudi Gard. I tillegg blir det låvefest!

Heile programmet finn du her: gudbrandsfest.no/program2022/