Torsdagstreff 2. desember på Øvertun.

Årets siste Torsdagstreff vart avvikla på Øvertun. Det var eit vellykka treff, der totalt 28 møtte opp trass kaldveret.

Strandklang frå Myregrenda på Fåvang sørgde for fin musikk og sang.

Denne gongen var det Sør-Fron sanitetsforening som steikte vaffel og trakta kaffi.

Folk sette tydeleg pris på samveret, treninga, trakteringa og musikken!