Torsdagstreff på Harpefoss grendahus 4.mai

Sesongens siste Torsdagstreff vart eit triveleg lag. Vi hadde vanleg program. Trim, kaffepause og underhaldning. 

Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon.

Fleire seier dei set stor pris på desse treffa. Det er viktig å kome seg ut og treffe folk, drikke kaffe og trimme i lag med andre. Fysioterapeut Therese fekk ekstra applaus fordi ho har fått oss til å ta i på balansetrimmen.

Sangruppa Golåten stilte opp og song våren inn for oss! Ei fin sangstund, der vi avslutta med allsang: No livnar det i lundar.

To frå Harpefoss sanitetsforening sørga for kaffe og vaffel til pausa, i tillegg er dei med under sjølve serveringa. 

Neste Torsdagstreff er 7. september i Lidarende. God sommar!