Torsdagstreff på Harpefoss grendahus

Haustens tredje Torsdagstreff gjekk av stabelen i dag, på Harpefoss grendahus i går, 6.oktober.

Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon.

26 gjestar møtte fram. I balansetrimmen blir styrke og balanse utfordra, samtidig får vi tips om korleis vi kan trene heime.

Frivillige frå Harpefoss sanitetsforening sørgde for kaffe og vaffel, og praten gjekk lett rundt kaffeborda.

Seniorbutikken Innlandet ved Tom Erik Åsen hadde klessalg, og fleire gjekk heim med fornya garderobe.