Torsdagstreff på Øvertun 23.februar

Bergljot Møhlum

Torsdagstreffet på Øvertun var nok eit vellykka treff. Totalt var vi 51 personar, inkludert Golåten og 3 frivillige.

Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon.

Som vanleg var det først ei god økt med balansetrim ved fysioterapeut. Deretter kom den etterlengta kaffepausa, der folk fekk treffe kjensfolk og slå av ein prat.

To frivillige frå Sør-Fron sanitetsforening hadde svinga seg på kjøkkenet, slik at kaffe og vaffel stod klart.

Sanggruppa Golåten gav oss ei fin sangstund der det også vart ein svingom på golvet for fleire.

Neste gong, 9. mars, er treffet på Harpefoss grendahus. Da har Seniorbutikken Innlandet v/Tom Erik Åsen klessalg.