Utlysing innspelsfrist for revisjon av temaplan for idrett og fysisk aktivitet 2023-2026

Sør-Fron, Ringebu og Nord-Fron kommunar har sidan 2008 hatt ein felles plan for idrett og fysisk aktivitet. Plan for 2018-2022 skal reviderast for ny periode 2023-2026.  

Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon.

Les eksisterande plan her

For å søkje tilskot frå spelemiddelordninga er det ein føresetnad at kommunen har ein politisk vedtatt plan for idrett og fysisk aktivitet og at anlegget er inkludert i gjeldande plan.  

Planen skal innehalde status og utviklingstrekk, visjonar og mål, drøfte utfordringar, mogleikar og behov, vurdere aktivitetar og anlegg i framtida og med bakgrunn i dette legge fram ein handlingsplan med prioritering av tiltak for åra 2023-2026. På www.idrettsanlegg.no finst retningsliner og for søknad om spelemidlar.

For å sikre brei medverknad i planarbeidet inviterer Ringebu, Sør-Fron og Nord-Fron kommunar med dette lag og organisasjonar, samt andre interessentar til å kome med innspel. 

Planen blir lagt fram til politisk behandling etter at innkomne forslag fra fyrste innspelsrunde er behandla. Etter ei ny høyringsrunde blir planen endeleg politisk behandla i desember 2022.  

Frist for å komme med innspel er 25. mai.

Gå til elektronisk skjema for innsending av innspel

Det er også mogleg å sende innspel til Sør-Fron kommune, Kommunevegen 1, 2647 Sør-Fron, e-post: postmottak@sor-fron.kommune.no, merka med saksnummer 22/320.

Om noko er uklart ta kontakt med Bjørn Kjellsson Sletten på e-post bjorn.sletten@sor-fron.kommune.no, telefon 97 47 19 97.