Varsel om brannøving i Flatmovegen

Midt-Gudbrandsdal brannvesen skal laurdag 12.11.2022 gjennomføre fullskala øving med nedbrenning i Flatmovegen på Sør-Fron. 

Denne artikkelen er over 1 år gammel og kan innehold utdatert informasjon.

Eigedommen som skal brennast ned, er Flatmovegen 13, som tilhøyrer Sør-Fron kommune. 

Øvinga vil foregå mellom kl. 09:00 og 16:00 på laurdag 12.11. og nødetatane er varsla, likeeins er det sendt ut nabovarsel. 

MGB har besiktiga eigedommen og ser ingen farer knytt opp imot verken naboar eller andre omgjevnader. 

Eigedommen er næraste nabo til Flamoen idrettsanlegg, og har stått ubrukt i fleire år.