Velkommen til skulestart!

Måndag 21. august er eit nytt skuleår i gang. 

Vi vil ønskje alle våre skuleelevar velkommen tilbake til eit nytt skuleår, og spesielt velkommen ønskjer vi årets 1. klassingar med føresette. 

- Det blir eit spennande skuleår for mange. Lykke til med skulestart og eit nytt skuleår, ønskjer Eivind Lund, kommunalsjef oppvekst. 

Trygg trafikk sine tips til ein trygg skuleveg

Mange barn langs vegen krev meir av oss vaksne trafikantar.

- Pass på eigne barn og barna til andre, og engasjer deg i skulevegen. Det er viktig å øva på skulevegen saman med barna.

- Denne strekninga skal barna på sikt kunna gå heilt åleine, utan ei vaksen hand å halda i. Då er det viktig at barna kjenner seg trygg på vegen, og veit kva dei skal gjera på dei ulike stadene. Øv gjerne på heilt konkrete situasjonar.

 

 

Skulane våre

I Sør-Fron kommune har vi to barneskular og ein ungdomsskule. Her finn du informasjon om dei ulike skulane våre:

Harpefoss skule   Midtbygda skule   Sør-Fron ungdomsskule

Skuleruta

Oversikt over ferie- og fridagar i løpet av skuleåret.

Her finn du skuleruta

Skuleskyss

Opplæringslova gir rett til gratis skuleskyss dersom avstanden mellom heim og skule er meir enn 2. km (1.trinn) eller 4 km (2.-10.trinn).

Nye skysselever får utdelt skysskort ein av dei første dagene på skulen. Dette gjeld også for 1. klassinger.

Når går bussen? 
Tidtabell finn du her.

I forhold til spørsmål rundt skulevegar som er stengd etter ekstremværet "Hans": 
- Alt skal gå som vanleg, seier Innlandstrafikk. Den kommunale vegen Dålåstigen vil vera stengt ca. ei veke til - dette er drosjane førebudde på. 

Hugs: Bruk alltid setebelte både i buss og drosje. 

Informasjon om skuleskyss

Skulefritidsordning (SFO)

Skulefritidsordninga er eit frivillig omsorg- og fritidstilbod utanom den obligatoriske skuledagen for barn på 1.- 4. trinn og for barn med spesielle behov på 1.-7. trinn.

SFO sine opningstider følgjer skuleruta, bortsett frå i haust- og vinterferien. Dei vekene er med i den faste betalinga, men det blir sendt ut eiga påmelding i forkant.

Informasjon om SFO

Skulehelsetenesta

Skulehelsetenesta skal arbeide for god helse blant barn og ungdom gjennom

  • samtalar, råd og rettleiing med/til elevar, føresette og lærarar
  • helseopplysningar
  • helseundersøkingar
  • vaksinasjon

Informasjon om skulehelsetenesta

Kulturskule

Sør-Fron og Nord-Fron har felles kulturskule. Kulturskulen held til på Folkets hus på Vinstra.

Fron kulturskule har ca. 190 elevar fordelt på disiplinane klassisk ballett, teater, visuell kunst, barnekor, piano, ungdomskor, fele (folkemusikk/klassisk), tverrfløyte, trompet, sang, trombone, gitar, bass, trommer og band.

Informasjon om Fron kulturskule