Liene barnehage

Liene barnehage informasjon
Informasjon Adresse og telefonnummer
Besøksadresse Baksidevegen 382, 2647 Sør-Fron
Postadresse Sør-Fron kommune, Kommunevegen 1, 2647 Sør-Fron
Kroken Tlf.: 957 83 080
Plassen Tlf.: 415 49 618
Svingen Tlf.: 415 48 156
Styrer Tlf.: 977 19 441

Om Liene barnehage

Liene barnehage er ein kommunal barnehage med tre avdelinger, Kroken, Svingen og Plassen. Kroken har 24 barn fødd i 2019 og 2020, Svingen har 20 barn fødd i 2021 og Plassen har 21 barn fødd i 2022 og 2023. 

Barnehagen har eit stort, flott uteområde med moglegheit for variert leik. I tillegg til at kvar avdeling disponerer eigne rom har vi gymsal, sløydsal og fleire grupperom som er felles.

Barnehagen har ope måndag til fredag frå kl. 06.45 til kl. 16.30. Vi har felles frokost på kvar avdeling frå kl. 08.00, lunsj mellom kl. 10.45 og 11.30 og ettermiddagsmat mellom kl. 13.45 og 14.30. Vi har varm lunsj ein dag i veka og brød/knekkebrød og frukt til ettermiddagsmat.  

Avdelinger

Kroken

På Kroken jobbar Linda Jacklin Haugen (pedagogisk leiar), Hilde Rønshaugen (pedagogisk leiar), Karoline Kluften (pedagogisk leiar), Aud Ingrid Ruud (barne- og ungdomsarbeider), Ina M. Jonhaugen (barne- og ungdomsarbeider), Jane Helland Brubak (barne- og ungdomsarbeider), Anna Magny Holten (barne- og ungdomsarbeider),  Anita Abel Opsahl, (barne- og ungdomsarbeider) og Charlotte Lien (barne- og ungdomsarbeider). 

Svingen

På Svingen jobbar Martine Bruvang (pedagogisk leiar), Mona C. Baukhol (pedagogisk leiar), Ane Kappelslåen Stuen (barne- og ungdomsarbeider), Karin Jansen (barnepleier),  Anna Jasinska (barnehagemedarbeidar) og Odd Helge Larsen (lærling). 

Plassen

På Plassen jobbar Mette Skogen (pedagogisk leiar), Gunn Tove Lunde (pedagogisk leiar), Barbro Kvernes (pedagogisk leiar), Monica Haverstadløkken (barne- og ungdomsarbeider), Sandra J. Aspeslåen (barne- og ungdomsarbeider), Tone Morken (barne- og ungdomsarbeider), Jolanta Stoskiene (miljøarbeider), Gudrun Frithjofsen (barnepleier) og Anna Jasinska (barnehagemedarbeidar) 

Gjennom året brukar vi vikarar ved behov, i samband med for eksempel sjukdom, ferie, permisjonar osv. Det blir sendt ut beskjed til alle foreldre i føresett-appen kvar gong ein ny vikar er i barnehagen. I tillegg vil avdelingene informere om vikarbruk da det førekjem. 

Mette Gjefsen er styrar i Liene barnehage.

Sør-Fronsdiamanten

Sør-Frondiamanten, med fokus på mestring, mitt nærmiljø. medverknad og motivasjon. - Klikk for stort bilde

Overordna mål for skule og barnehage i Sør-Fron er at alle skal få ut sitt potensiale. Vi vil ha barn som medverker, som er motivert og som ser moglegheiter. Vi ønskjer at barna skal kjenne på heimstadstoltheit og ha trua på ei framtid i Sør-Fron. Barnehagen skal bidra til at barna blir trygge på seg sjølv, kjenne at dei er gode nok og at dei kan møte og meistre utfordringer dei møter nå og i livet seinare. Sør-Fronsdiamanten er felles for oppvekst og skal gå som ein raud tråd gjennom barnehage, barneskule og ungdomskule. 

Når vi planlegg og gjennomfører pedagogiske opplegg i barnehagen skal Sør-Fronsdiamanten vere grunnlaget for arbeidet, saman med barnehageloven og rammeplan for barnehagen. Diamanten vil vere utgangspunktet for korleis vi arbeider med samfunnsmandatet (formålet) og verdigrunnlaget for barnehagen.

Samfunnsmandat og verdigrunnlag 

Barnehagen sitt samfunnsmandat (formålet til barnehage) Barnehageloven § 1 seier at barnehagen skal gje barna moglegheit til å utvikle seg ut frå eigne føresetnader, og ivareta alle barn sine behov for omsorg, leik, læring og danning i nært samarbeid med foreldra. Omgrepa heng tett saman og er grunnverdiar i norsk barnehagetradisjon. Rammeplan for barnehagen beskriv i kapittel 1, med utgangspunkt i barnehageloven, verdigrunnlaget som skal komme til syne i alle barnehagar i Noreg. 

 

Verdigrunnlaget til alle barnehagar i Noreg er livsmestring og helse, barndommens sin eigenverdi, demokrati, mangfald og gjensidig respekt, likestilling og likeverd og bærekraftig utvikling, - Klikk for stort bilde Mette Gjefsen

 

Alle tilsette i barnehagen skal jobbe etter verdiane som ligg i diamanten og i barnehagen sitt samfunnsmandat og verdigrunnlag, barnehageloven § 1. Gode tilsette som er bevisst sitt ansvar skal vere hovudmålet for verksemda. 

Utviklingsarbeid 

I Liene arbeider vi også med eit utviklingsarbeid. Les meir om det på side 6 i årsplanen vår.