Midtbygda- og Harpefoss skule

Sør-Fron kommune har vedteke å byggje ny 1-10 skule, med plassering der Sør-Fron ungdomsskule var lokalisert, i tilknytning til Sør-Fron kulturhus og Fron Badeland på Harpefoss.  

Som ei midlertidig løysing i byggjeperioda, vart barneskulane Midtbygda og Harpefoss slått saman til ein skule, 4. mars 2024. Sør-Fron ungdomsskule er midlertidig flytta til Harpefoss skule sine tidlegare lokale. Den nye skulen skal etter planen stå ferdig hausten 2026. 

Midtbygda- og Harpefoss skule ligg i gangavstand, om lag 1 km, frå sentrum. Etter bilvegen er det om lag 2 km frå sentrum. I sentrumsområdet ligg kommunehus, helsestasjon, bibliotek, idrettsbane/ skøytebane, butikkar og kyrkja. 

Skulen har eit fint uteområde med mange leikeapparat, ein aktivitetskiosk og ein ballbinge. Uteområdet er òg tilgjengeleg og mykje brukt, utanom skuletida. 

I vinterhalvåret får vi disponere landbruksareal ved skulen til akebakke og skileik. I tillegg har skulen to gapahukar, som også ligg i gangavstand. Der har vi uteaktivitetar gjennom heile året.  

Midtbygda- og Harpefoss skule
Rektor: Anne R. Almehagen 480 37 356 / 480 92 032 anne.almehagen@sor-fron.kommune.no
Avdelingsleiar småskulen og SFO: Monika L. Solberg 456 18 238 monika.solberg@sor-fron.kommune.no
Avdelingsleiar mellomsteget: Lene L. Kolobekken 991 59 593 lene.kolobekken@sor-fron.kommune.no
SFO 917 99 720