Barnehagane i Sør-Fron

Sør-Fron kommune har to kommunale ( Liene barnehage og Harpefoss barnehage). Dei kommunale barnehagene har barn i alderen 0-6 år.

Liene barnehage har fem avdelingar og Harpefoss barnehagen har tre avdelingar. Dei kommunale barnehagane har opningstid frå kl. 6.45 til kl.16.30. 

Nytt barnehageår startar alltid samtidig med oppstart av nytt skuleår. I 2024 er dette måndag 19. august. 

Les meir om kvar enkelt barnehage ved å klikke på lenkene over. 

E-post til styrar i Liene barnehage: mette.gjefsen@sor-fron.kommune.no

E-post til styrar i Harpefoss barnehage: liv.randi.sundhagen@sor-fron.kommune.no

Planleggingsdagar


Barnehageåret 2024/2025:

Torsdag 15.08.2023, fredag 16.08.2023, fredag 29.11, fredag 31.01.2024 og fredag 02.05.2024.

Felles planer for barnehagene

Oppvekstavdelinga i Sør-Fron kommune har ein felles verksemdplan. (PDF, 2 MB) Liene barnehage og Harpefoss barnehage er ein del av denne.

Barnehagane har kvar sin årsplan. Her finn du årsplanen til Liene barnehage (PDF, 4 MB) og Harpefoss barnehage (PDF, 3 MB).

Som veiledning til dei ansatte i barnehagane og skulane har veilederen "Handlingsrettleiar for barn i risiko - fra bekymring til handling" (PDF, 18 MB) vorte utarbeida.

Våre samarbeidspartnere

Barnehagane har fleire ulike samarbeidspartnere, her er dei viktigaste: 

  • Foreldrerådet sitt utval (FAU) 
  • Samarbeidsutvalet (SU)
  • Helsestasjon
  • Pedagogisk psykologisk teneste (PPT eller PP-tenesta)
  • Barne- og ungdomspsykiatrien (BUP)
  • Barneverntenesta
  • Midtbygda skule og Harpefoss skule
  • Familieteam
  • Fysioterapeut
  • Kompetansesenter rus - region Øst - KoRus-Øst
  • Bibliotek
  • Sør-Fron Sanitetsforening
  • Trygg Trafikk