Betalingssatsar barnehage og skulefritidsordning

Kommunestyret vedtok i møte 14. 12.2023 slike betalingssatser for barnehage/skolefritidsordning frå 01.08.2024 - 31.12.2024.

Satsar for barnehagen

Foreldre skal ikkje betale meir enn makspris for barnehageplass. Stortinget fastset maksprisen. Frå 1. august 2024 er denne maksprisen sett til 2.000,00 pr. månad. I dei minst sentrale kommunane (kommunar som ligg i sentralitetssone 5 og 6 i sentralitetsindeksen til Statistisk sentralbyrå) blir maksprisen redusert til 1.500,00 pr. måned. Sør-Fron ligg i sone 5. 

For familiar som har tre (eller fleire) barn i barnehage samtidig, har regjeringa innført gratis barnehage for det tredje barnet.

Sør-Fron kommune følgjer Stortingets vedtak om maksimalsats for foreldrebetaling.

Foreldrebetaling og kostpengar i barnehage blir fakturert for 11 månedar pr. år. Juli er betalingsfri månad. 

Avtalt opphaldstidOpphald pr. månadKost pr. månad
5 dagar pr. vekekr. 1.500,00kr. 488,00
4 dagar pr. vekekr. 1.392,00kr. 390,00

Syskenrabatt for opphaldsbetaling

Om du har fleire barn i barnehage skal kommunen sørgje for at du får syskenmoderasjon. Dette gjeld også om barna går i forskjellige barnehagar i kommunen. Syskenmoderasjonen er som følgjer: 

  • Full pris for første barnet.
  • 30 % rabatt for andre barnet.
  • 100 % rabatt for øvrige sysken.

Enkeltdagar:

Kjøp av enkeltdagar i barnehage: kr. 391,00 pr. dag inkludert kost.

Satsar for skulefritidsordninga (SFO)

Betalingssatsane for opphald og kostpengar i SFO er haldne uendra fra 2022 til 2023.

Foreldrebetaling og kostpengar i skulefritidsordning blir fakturert for 10 månader pr. år.

Avtalt opphaldstidOpphald pr. månadKost pr. månad
mån/tys/tor, pr. dagkr. 403,00kr. 56,00
onsdag, heildagkr.1.077,00kr. 109,00
ons/fre, korttid, pr. dagkr. 516,00kr. 56,00

Kjøp av enkeltdagar i SFO: kr. 285,00 pr. dag inkludert kost.

Kjøp av enkeltdagar i sommar-SFO i perioden frå skuleslutt til 30.06. og frå 01.08. til skulestart: kr. 285,00 pr. dag inkludert kost.

Gratis skulefritidsordning for elevar på 1. og 2. årstrinn

Kommunen skal gi fritak frå foreldrebetaling for 12 timar per veke for elevar på 1. og 2. årstrinn som har plass i skulefritidsordninga. Kommunen kan krevje betaling for kost. Dersom kommunen tilbyr skulefritidsordning i feriane til skulen, gjeld fritaket også i desse periodane. Kommunen avgjer kva dagar og når på dagen ordninga gjeld. Kommunen kan ikkje rekne om dei 12 timane til gjennomsnitt over lengre tid enn ei veke. (Forskrift til opplæringslova§ 1B-4).

For Sør-Fron utgjer 12 timar kr. 1.209,00 som går til fråtrekk frå vald kombinasjon av opphaldstid for elevar på 1. og 2. årstrinn.

Elevar som nyttar seg av leksehjelptilbodet, får ikkje redusert eventuell opphaldsbetaling i SFO.