Gratis kjernetid og redusert foreldrebetaling i barnehagen

Barn, familie og sol  Her kjem viktig informasjon til foreldre med barnehagebarn:

  • Moderasjonsordningar for familie eller hushald med låg inntekt
  • Gratis kjernetid for 2-, 3-, 4- og 5-åringer 

Redusert foreldrebetaling i barnehage

Hvis maksprisen er høgare enn 6 prosent av den samla inntekta til familien eller hushaldet, har de rett på redusert pris. Ordningen går ut på at ingen skal betale meir enn 6 prosent av inntekta si til barnehagen.

Fra 1. august 2024 gjeld dette for hushald som har samla inntekt som er lågare enn 275 000 kroner. Dette gjeld både kommunale og private barnehagar.

Gratis kjernetid for 2-, 3-, 4- og 5-åringar.

Alle 2-, 3-, 4- og 5- åringar, barn med utsett skulestart, som bur i hushald med låg inntekt har rett til å få 20 timer gratis opphald i barnehagen per veke. 

Denne ordninga gjeld for familiar eller hushald som har ei samla inntekt på mindre enn 642 700 kroner (frå 1. august, 2024).

Søknader om redusert foreldrebetaling eller gratis kjernetid kan du gjere i foresattportalen i Visma.

Pris for mat er ikkje med i desse ordningane. 

Sjå føringane nasjonalt på www.udir.no

Søknadsfrist for heile barnehageåret 2024/2025 er: 01.08.2024

Frist for søknader gjennom året er den 1. i kvar måned og blir behandla med verknad frå påfølgjande månad.