Sydentur til Costa del Gymsal

I heile vinter har reiseleiar Anita Abel Opsahl og Anna Magny Holten planlagt tur til Syden saman med barna på avdeling Toppen. Denne veka vart turen endeleg gjennomført. 

I forkant av dagen hadde barna på Toppen bestemt kven som skulle gjere kva gjennom turen. Turen og opphaldet var all inklusive og gratis for barna, medan det kosta for dei vaksne. Alle fekk utdelt flybillett og måtte møte opp på flyplassen. Der vart dei skanna gjennom sikkerheitskontrollen og fekk stempla billetten før dei kunne gå ombord i flyet.

På flyet fekk alle litt flymat av flyvertane; eit lite fruktspyd. Vel framme i syden vart det disko, bading, soling og moro saman med barna på avdeling Kroken. I kiosken fekk alle snitter med kjøtkake eller fiskekake og gul eller raud saft. Før turen vart avslutta, blei det is frå iskiosken. 

Ein vellykka tur frå start til slutt. 

Bilete av barn og vaksne som står i billettkontroll, sikkerheitskontroll og får utdelt snitter med kjøtkake og fiskekake - Klikk for stort bildeBillettkontroll, sikkerheitskontroll og utdeling av snitter Barbro Bratlien

 

Bilete av barn og vaksne i flyet, barn som solar seg og passasjerer som venter ved sikkertheitskontrollen - Klikk for stort bildeFlytur og soling Barbro Bratlien