Trafikkveke i Liene barnehage

I veke 22 hadde Liene barnehage ei trafikkveke. 

Gjennom veka hadde avdelingane mange ulike aktivitetar knytt til temaet trafikk. Samlingane omhandla blant anna bruk av bilbelte og sykkelhjelm, samt korleis vi skal oppføre oss i trafikken.

Det var også ulike aktivitetar og leik inne som handla om trafikk. Vi gjekk på tur og såg etter trafikkskilt, hadde trafikkbingo i barnehagen, sykkeldag med "sykkelprøve", og høgdepunktet var nok då politiet kom på besøk. Det var stas å få prøve å sitje i politibilen, høyre sirena og helse på politibamsen. På slutten av veka vart det delt ut diplom på fleire avdelingane

Barn speler eit trafikkspel - Klikk for stort bildeLeik med trafikklys Mette Skogen Barn er på tur for å lære om skilt - Klikk for stort bildePå tur for å sjå på skilt Linda Jacklin Haugen Barn har fått utdelt diplom - Klikk for stort bildeUtdeling av diplom Linda Jacklin Haugen Barn er ute i barnehagen for å leike trafikkbingo - Klikk for stort bildeTrafikkbingo Mona Baukhol Barn som sitt og står bak i cella i ein politibil - Klikk for stort bildeBarn testar ut cella i politibilen Martine Bruvang