Nå blir nye Sør-Fron skule bygd – kontrakt signert

Sør-Fron kommune er stolte over å kunngjere at kontrakten for bygging av den nye 1-10 skulen i Sør-Fron er signert. Dette markerer starten på eit spennande prosjekt som vil gi eit betydeleg lyft for kommunen.

Bilde som viser kommunedirektør Anne Holsbrekken  - Klikk for stort bildeKommunedirektør Anne Holsbrekken smiler etter å ha signert kontrakt på vegner av Sør-Fron kommune. Bjørn K. Sletten

Prosjektet, som er ei samspelsgjennomføring mellom Sør-Fron kommune og entreprenørselskapet HENT AS, vil resultere i ein toppmoderne skulebygning som tilfredsstillar dagens krav til fleksibelt læringsmiljø og bærekraft. Bygningen vil innehalde moderne klasserom, fleksible læringsareal, spesialrom for naturfag, musikk og kunst, samt fasilitetar for lag og foreiningar. 

Sjå skisser av nyskulen her!

I prosjektet er det også med eit godt uteområde som er utvikla for å utfylle og verke saman med ny skule og eksisterande funksjonar på området med Fron Badeland og Sør-Fron kulturhus. Skulen vil ha kapasitet til å ta imot inntil 320 elevar, og vil bli eit sentralt samlingspunkt for lokalsamfunnet. 

– Dette er ein viktig milepæl for vår kommune," seier kommunedirektør i Sør-Fron kommune Anne Holsbrekken. 

– Den nye skulen vil gi barna våre dei beste moglegheitene for læring og utvikling i mange år framover. Vi ser fram til å følgje byggeprosessen og gler oss til å sjå det ferdige resultatet, seier kommunalsjef for oppvekst, Eivind Lund.

Godt førebudd

Bilde som viser de ulike involverte i prosessen med bygging av ny skole i Sør-Fron.  - Klikk for stort bildeDet var god stemning da kontrakta på bygginga av ny skule i Sør-Fron vart signert fredag 14. juni.

Kontrakten er basert på ei seks månaders samspelsfase, der Sør-Fron kommune og HENT AS har samarbeidd tett for å sikre at prosjektet blir gjennomført på best mogleg måte. Denne fasa har vore avgjerande for å skape eit felles grunnlag og sikre at alle partar er godt førebudd før byggearbeida startar. 

Sjå presentasjon av forprosjektet her (PDF, 8 MB)

– Vi har hatt eit svært godt samarbeid med Sør-Fron kommune i samspelsfasa og er takknemlege for fornya tillit i gjennomføringsfasa. Saman har vi kome fram til gode løysingar som vil gi lokalsamfunnet ein moderne skule med ambisiøse miljøkrav. Vi ser fram til halde fram med det gode samarbeidet og oppstart på byggeplassen, seier Arnt Kristian W. Skogan som er direktør for prosjektutvikling hos HENT AS. 

Prosjektet er også eit viktig steg mot ei meir bærekraftig framtid. Skulebygningen blir bygd med miljøvenlege materialar og energieffektive løysingar, i tråd med kommunens mål om å redusere klimagassutslepp og fremje bærekraftig utvikling.

– Ei betydeleg investering

Byggearbeida startar i august 2024, og skolen er forventa ferdigstilt og klar til bruk i august 2026. 

– Dette prosjektet representerer ei betydeleg investering i vår framtid, og vi ser fram til å tilby elevar og lærarar eit fyrsteklasses læringsmiljø, avsluttar kommunalsjef Lund og kommunedirektør Holsbrekken.

Sør-Fron kommune takkar alle som har bidratt til å realisere dette prosjektet og ser fram til å følgje utviklinga vidare.

For meir informasjon, vennligst kontakt: 

Per Ivar Dahlum, Prosjektleder Sør-Fron kommune
Ole Asbjørn Grannes, Prosjektleder HENT as