Kultur og fritid

Sør-Fron har eit rikt og mangfoldig kulturliv. Her finst mange frivilljuge organisasjonar og kulturtiltak, samt fleire private kulturaktørar.

Kulturavdelinga har ansvar for ulike tilskotsordningar innan kultur og fritid, idrett, Den kulturelle skulesekken, Den kulturelle spaserstokken, Stolpejakten i Sør-Fron, ungdom og fritid, stadnamnsaker, Fron badeland, ulike kulturarrangement, kulturvern, friluftsliv, ungdomsråd og eldreråd med meire.

Sør-Fron kommune har eit godt og variert kulturskuletilbud saman med Nord-Fron kommune. Vi har felles ungdomsklubb med Nord-Fron og mykje felles ungdomsarbeid i samarbeid med Ringebu og Nord-Fron.

Sør-Fron bibliotek er plassert i kommunehuset, der held også kulturavdelinga til. 

Kontakt oss:

Bjørn K. Sletten, tenesteleiar for kultur og kommunikasjonsavdelinga. 
Tlf: 974 71 997, e-post: bjorn.sletten@sor-fron.kommune.no

Stian Stø Dørum, kulturmedarbeidar og dagleg leiar for Fron Badeland.
Tlf: 975 31 345, e-post: stian.sto.dorum@sor-fron.kommune.no

Live Jørstad Bakka, kultur- og kommunikasjonsmedarbeidar.
Tlf: 906 20 544, e-post: live.bakka@sor-fron.kommune.no

Marit Kamp Lie, biblioteksjef. 
Tlf: 901 52 483, e-post: marit.kamp.lie@sor-fron.kommune.no

Anne Dalbak Evensen, konsulent.
Tlf: 934 41 050, e-post: anne.dalbak@sor-fron.kommune.no

Jorunn Moshagen, kulturskulerektor. 
Tlf: 958 81 441, e-post: jorun.moshagen@nord-fron.kommune.no