Tilskotsordningar innan kultur

Sør-Fron kommune har fleire ulike tilskotsordningar som lag og foreiningar kan søkje på.

Kulturmidlar

Sør-Fron kommune støttar lag, organisasjonar og andre kulturtiltak. Frist for søknad om tilskot til kulturformål i 2023 er 15. mars. Elektronisk søknadsskjema blir tilgjengeleg 15. februar.

Til elektronisk søknadsskjema

Sør-Fron kommunes kulturfond - Ringdalsfondet

Fondet sine midlar skal kunne bli utbetalt som stipend til ungdom under 25 år i samband med vidareutvikling på felt innafor kulturområdet. Frist for å søkje er 15. mars. 

Til elektronisk søknadsskjema

Spelemidlar til bygging av anlegg for idrett og fysisk aktivitet

Søknad om spelemidlar skal sendast om kommunen som prioriterer alle søknadane frå vår kommune. Blir det søkt om kommunalt tilskot i tillegg til spelemidlar, må kommunen sjølvsagt behandle denne. Kommunen har også ansvar for å sjå til at alle formelle krav blir oppfylt og at alle nødvendige vedlegg ligg ved. 

Det kan søkjast om tilskot til bygging og/eller rehabilitering av anlegg som er opne for allmenn idrettsleg verksemd. 

For å kunne motta spelemidlar må anlegget det blir søkt om tilskot til ligge inne i kommunal plan for idrett og fysisk aktivitet (PDF, 0 B). Det er difor viktig at kommunen får informasjon om utbyggingsplanar så tidleg som råd.

Det kan søkjast om tilskot frå spelemidlane til

  • bygging av anlegg for idrett og fysisk aktivitet
  • nærmiljøanlegg
  • løyper og hytter i fjellet

Det skal brukast elektroniske søknadskjema. Ved å gå inn på nettsida www.anleggsregisteret.no finn du søknadskjema. Her finn du også nærare retningsliner for spelemiddelordninga. Søknadsfrist til Sør-Fron kommune er 15. oktober 2023.

Meir informasjon og elektronisk søknadsskjema

Fritidsstipend for barn og unge

Ringebu, Sør-Fron og Nord-Fron kommunar tilbyr fritidsstipend til barn og unge. 

Målet med tilskotsordninga er å legge til rette for at alle barn og unge skal ha mogleik til mestring og samfunnsdeltaking ved å delta i fritidsaktivitetar.

Søknadsfristar er 1. mai og 1. desember. 

Meir informasjon og elektronisk søknadsskjema