Fastsetting av kommunevåpen kan i Norge gjerast av kommunen sjølv. Inntil 2018 kunne kommunen be om godkjenning i kongeleg resolusjon.
Sør-Fron sitt kommunevåpen var godkjent av Kongen i statsråd 4. mars 1988.
Men kommunevåpenet var tatt i bruk før det – på framsida av Sørfrøningen frå oktober 1987 er våpenet vi kjenner så godt på plass.
Men kva er det?
Våpenet er «På grønn grunn ei skråstilt sølvklubbe», og er teikna av Amund Rudi. På flagg og trykksaker/papir er klubba ofte kvit.
Klubba skal minne om den klubba Kolbein Sterke brukte i år 1021 da kong Olav Haraldsson (seinare Olav den Heilage) møtte dølane og Dale-Gudbrand på Hundorp. Dette møtet er kjent frå Snorre si kongesoge, og vart på ny aktualisert i 2021, da vi markerte at det var tusen år sidan «klubbeslaget» på Hundorp.
Snorre skriv at Olav sa «sjå der kjem vår gud med mykje ljos». Dale-Gudbrand og bøndene såg mot sola som akkurat da stod opp over Steig. Kolbein tok klubba og slo i stykker torsguden deira. Etter dette vart dølane kristna, i følge Snorre.