
Saman med lokale nærings- og landbruksaktørar og andre interessentar skal vi utvikle ein besøksstrategi for Gålå-området. Dette er ei unik moglegheit til å gje dine innspel på korleis du ønsker at Gålå skal bli, og bidra til heilskapleg og langsiktig planlegging som skal ivareta både natur- og kulturverdiar, næringsinteresser, landbruket og lokalsamfunnet sitt behov.
- Dato: 10. april 2025
- Tid: 18:00-21:00
- Stad: Kommunestyresalen på kommunehuset i Sør-Fron
Verkstad nr. 3
Dette er den tredje verkstaden i høve besøksstrategien for Gålå. Denne gongen skal vi jobbe hovudsakleg jobbe med arealbruk, i tillegg til å sjå litt meir på dei viktigaste strategiane og satsingsområda for Gålå.
På denne arbeidsverkstaden har vi med oss Henning Larsen, eit av Norges fremste fagmiljø på landskapsarkitektur og arealplanlegging, i tillegg til prosessleiarane frå Bortelaget som vil leie oss gjennom verkstaden.
Meld deg på!
Di deltaking er viktig for å forankre prosessen, skape engasjement og sikre innspel frå ulike innfallsvinklar. Vi håpar du vil vere med på å forme framtida for Gålå-området saman med oss!
Klikk her for å melde deg på, påmeldingsfristen er 8. april 2025.
Arbeidet med besøksstrategien for Gålå er støtta av Innlandet fylkeskommune, Opplev Gålå og Midt-Gudbrandsdal interkommunale politiske råd.