Harpefoss barnehage sin kultur- og opplevingsmånad

I heile november har Harpefoss barnehage hatt kultur- og opplevingsmånad. Her har fokuset vore på kunst, kultur, mat og aller viktigast - fellesskap! Og spesielt tusen takk til alle som har stilt opp og laga gode opplevingar for barna og oss tilsette. 

Kultur- og opplevingsmånaden vart offisielt starta med sjølvdekorerte t-skjorter og ballongfest.  Vi tilsette i Harpefoss barnehage ønskja at barna skulle få lokale kulturopplevingar og kontakta derfor foreldre og andre med tilknytning til Harpefoss og Sør-Fron. Vi er overvelda over at alle stiller opp og lagar så fine opplevingar for barna her i barnehagen! 

Først ut var det dans og fransk musikk med elevar frå Sør-Fron ungdomsskule, for ein modig og flink gjeng! Deretter fekk vi høyre flott countrymusikk med Joakim Rolstad Lunde. Ida og Bent Bredeveien hadde fin konsert med fløyte og gitar og vi fekk sjå på noter. Arild Skar sette i gang dansefoten og spelte kjent musikk for både barn og vaksne. Kåre Silli hadde gammeldanskonsert med fele, også her vart det dans. Simen Rebbestad, som spelar i Rotlaus og er lærar på Sør-Fron ungdomsskule, spelte, song og viste oss mange ulike instrument.  Sist ut var Terje Iversen med countrykonsert, her vart det både dans og allsang. 

Matopplevingar har også vore ein del av kulturmånaden og vi har laga norsk tradisjonsmat som rømmegrøt og lefse med spekemat.  Vi er også så heldige at vi har faste vikarer som har laga mat til oss frå henholdsvis Bosnia og Syria. Supergodt og spennande med noko nytt! 

Ute har vi bygd og leika med naturmaterialer og det er sett opp felles naturvev som alle barna kan veve på når dei er ute. 

Neste veke avslutter vi Harpefoss barnehage sin kultur- og opplevingsmånad med tacofest. 

Liv Randi Sundhagen Liv Randi Sundhagen Liv Randi Sundhagen Liv Randi Sundhagen Liv Randi Sundhagen Liv Randi Sundhagen Liv Randi Sundhagen Liv Randi Sundhagen Liv Randi Sundhagen Liv Randi Sundhagen Liv Randi Sundhagen