Formannskapet si grunngjeving for tildelinga er som følgjer:
Kulturprisen blir i år delt ut til Juliane Bay for hennar innsats for barn og unge gjennom aktivitetane på Loftet dansestudio der 350 barn og unge frå Lillehammer til Otta er med og dansar, kan henge og delta i sosiale aktivitetar. Det er også dansegrupper for vaksne, ei eiga funkisgruppe og "Loftet utfordrer". Mottoet er "Hvorfor gå når en kan danse?". Juliane Bay er eit svært godt førebilete gjennom verdiane ho står for og som Loftet baserer seg på: Sosialt, danseglede, inkluderande. Julane Bay syner at det går an å trasse smerter for å følge måla sine og ho plasserte i sommar skammen der den høyrer heime etter å ha vorte utsett for deling av bilete. Loftet dansestudio fyllar i år 10 år.
Prisen blir delt ut under Sør-Fron kommune sin kulturkveld i 2025.
Fakta om prisvinnar Juliane Bay:
Juliane er vakse opp på Sør-Fron, og starta som 8-åring på den lokale danseskulen, «Ekstrem dans», og i ein alder av 13 begynte ho å undervise. Ho begynte på danselina ved Vinstra vidaregåande skule, men måtte avbryte grunna skade. Åra etter gjekk med på å trene seg opp for å komme attende til dansen, og i 2014 følgte ho draumen om å drive eiget dansestudio.
Juliane er utdanna dansar, koreograf, og instruktør innafor hip hop ved Circle Dance Academy i Oslo, og flytta heim til Gudbrandsdalen for å vidareutvikle dansemiljøet her.
I tillegg til å drive Loftet jobbar ho også som frilans dansar, koreograf og pedagog. I tillegg er ho sertifisert MOT-coach og har jobba i fleire år med ungdommar i Sør-Fron kommune. Ho har også vore danselærer på danselina ved Vinstra vidaregåande skule, og Innlandsrepresentant i storstyret til NoDa (Foreningen for Norske Dansekunstnere), samt fagekspert og kommentator under NM i hip hop på NRK – to gonger.
Juliane vart nominert til Midt-Gudbrandsdal næringsforening sin Verdiskapingspris i 2019 for sitt brennande engasjement som har ført til stor verdiskaping i heile regionen.
(Opplysningane er henta frå Loftet Dansestudio sine nettsider)