Oppdatert informasjon om Sør-Fron bibliotek og helsestasjon
Sør-Fron bibliotek og helsestasjon vart stengt 26.04.2026. Her kjem oppdatert informasjon til våre innbyggarar:
27.04.2026 kl. 13:56:
Sør-Fron helsestasjon er nå lokalisert i underetasjen på bygg 2 (gamle NAV), og vil vera der i minst to veker framover.
Sør-Fron bibliotek er framleis stengt, og det blir sett på alternative lokasjonar for midlertidig bibliotekdrift. Vi kjem attende med meir informasjon til brukarar av biblioteket så snart dette er landa.
26.04.2026 kl. 12.09:
Grunnen til at bygget som husar bibliotek og helsestasjon er stengt på ubestemt tid, er at delar av himlinga har falt ned, og det er ikkje trygt å opphalde seg i lokala. Dette har mellom anna medført at eit rør i sprinkleranlegget er brutt. Det er vannskadar i delar av biblioteket.
Grunna den akutte situasjonen blir det ikkje eit helsestasjonstilbod måndag 27.04. Vi jobbar med å få på plass ei midlertidig løysing for helsestasjonen i løpet av veka. Folk som blir berørt, vil bli direkte kontakta. Det er uvisst når vi kan få i gang att eit bibliotektilbod for innbyggarane våre.
Bygget og området er avsperra i påvente av sikring og kontroll av bygget.
Vi kjem attende med meir informasjon i løpet av måndag 27.04.
Publisert av Bjørn Kjellsson Sletten
Publisert 26.04.2026 12.09
Sist endret 27.04.2026 14.49