
Sankthans på Maihaugen er ei av dei eldste og mest stemningsfulle feiringane i landet. Arrangementet har røter heilt tilbake til 1904, og kvart år har ein kommune i Gudbrandsdalen ansvar for programmet. I år er det Nord-Fron og Sør-Fron som står i spissen.
Program
Det blir ei høgtidleg opning frå scena kl. 17.30 eller 18.00, med kulturinnslag frå begge kommunane.
- Kl. 18.00–20.50: Kulturprogram med musikk, dans, historiar og scenekunst
- Kl. 21.00: Det store Sankthansbålet blir tent
- Kl. 21.15–22.45: Dans på Dansarvollen – med folkemusikk og rytmar du kan svinge deg til
Programmet byr på både profesjonelle artistar og lokale talent frå kulturskular og musikkmiljø.
Kommunane jobbar no med innhald, oppdatert program kjem i starten av mai.
På www.maihaugen.no/sankthans kjem det etterkvart meir informasjon. Blant anna billettlenke, praktisk info, program osv.
Kulturarv og aktivitetar i levande omgjevnader
Maihaugen er eit unikt friluftsmuseum der fleire av bygningane har opphav frå Nord-Fron og Sør-Fron. Her kan du rusle mellom historiske tun og få eit glimt av korleis livet var i Gudbrandsdalen for fleire hundre år sidan.
I tillegg til det som skjer på scena, kan du oppleve:
- Lokal mat og drikke
- Handverk og husflid
- Aktivitetar for både små og store
- Folkeliv og marknadsstemning
Lyst til å delta? Klikk her for å melde di interesse som aktør!
Perfekt for ei sommarkveld med familie og vener
Sankthans på Maihaugen er ein heilskapleg oppleving – med rom for både fellesskap og kvilepuls. Ta med deg vener, familie og gode sko, og bli med på ei feiring med varme i både kropp og sinn.
Velkomen til Sankthansfeiring på Maihaugen måndag 23. juni – vi gler oss til å sjå deg!