Sjå den nye nettsida til Barn og unge i fokus

Det er godt dokumentert at jo tidlegare barn og unge får hjelp når dei har det vanskeleg, jo betre fungerer den hjelpa. Barn og unge i fokus – gjennom god tverrfagleg samhandling i Sør-Fron kommune skal bidra til nettopp dette.  

Målet er at alle barn som treng det skal få rett hjelp, til rett tid. Dette krev tilsette som har god kompetanse i å sjå barn, unge og familiar som treng hjelp i kortare eller lengre periodar i livet, som kan samtale om vanskelege tema og bygge gode relasjonar. I tillegg må det ligge gode rutiner for samhandling mellom tenester i botn. Alle tenester må gå i same retning med eit genuint ønskje om barnets beste som grunnlag. Dette har vi tru på at vi skal få til enda betre i Sør-Fron kommune framover.  

Nettsida www.barnogungeifokus.no er ein del av dette arbeidet. Her kan barn, unge, foreldre og andre finne informasjon om kva slags hjelp som finnes og kvar ein kan henvende seg. Nettsida inneheld også ein handlingsveileder for tilsette om korleis ein skal gå fram når ein er bekymra for eit barn, ungdom eller ein familie.  

Utforsk gjerne barnogungeifokus.no og kom med innspel til innhald, kommentarar eller andre ting de tenkjer på når de er inne på nettsida!  

Nå startar jobben med å få handlingsveilederen til å bli ein sjølvsagt del av arbeidskvardagen til dei tilsette i tenestene for barn og unge i Sør-Fron kommune, det gler vi oss til!

Sida er laga i samarbeid med Krible Design på Vinstra og vi er stolte og fornøgd med resultatet!  

Sjå nettsida til Barn og unge i fokus her